Korleis blir arbeidsmarknaden påverka av den grøne og digitale omstillinga.
Kan det bli ein berekraftig, rettferdig og inkluderande transformasjon?
Just Transform vil utvikle ny kunnskap og tilrådingar for
eit rettferdige og inkluderande arbeidslivet

Nytt prosjekt om digital og grønn omstilling

Nytt prosjekt om digital og grønn omstilling

🌍 JUST TRANSFORM: kunnskap om ei berekraftig, rettferdig og inkluderande grønn og digital transformasjon 🌱💻

Vi står ovanfor ei spanande tid med store endringar i norsk økonomi og arbeidsliv for å møte måla om eit grønt skifte. Digitalisering spelar ei sentral rolle i denne prosessen. Korleis vil ein kombinert grøn og digital transformasjon påverke arbeidsmarknaden?

Vestlandsforsking og Norce, med støtte frå IfM Engage (UK), har starta forskingsprosjektet JUST TRANSFORM for å utforske nettopp dette. Prosjektet undersøker korleis politiske strategiar på globalt, europeisk, nasjonalt og regionalt nivå bidreg til visjonar om ei berekraftig og inkluderande framtid. Vi ser også på korleis desse visjonane blir reflekterte i praksis blant nøkkelaktørar i regionar med aktivt engasjement for det grøne skiftet.

Gjennom arbeidslivsstatistikk, spørjeundersøkingar og intervju med bedriftsleiarar og regionale styresmakter, undersøker vi korleis måla for det grøne og digitale skiftet blir omsette i praksis. I samarbeid med utdanningsinstitusjonar ser vi på korleis krava til den nye grøn-digitale økonomien blir reflekterte og førebudde i utdanningssektoren.

Vi intervjuar også tilsette i bedrifter for å forstå korleis enkeltpersonar opplever deltaking og kompetansekrav i eit arbeidsliv som søker å møte krava til det grøn-digitale skiftet. Ved å utforske individ sine tilgang til moglegheiter og opplevingar av risiko, får vi innsikt i korleis ulike sosiale kategoriar som kjønn, alder, etnisitet, sosial bakgrunn og utdanning påverkar deltaking i det nye arbeidsmarknaden.

Målet er å fylle kunnskapshol om korleis ulike demografiske grupper blir påverka av nye mønster i arbeidslivet og utvikle tilrådingar for å fremje rettferdige og likeverdige prosessar og resultat.

Bli med oss på denne reisa mot ei berekraftig og inkluderande framtid! 🌟

~ Mari Hanssen Korsbrekke

JustTransform Avatar
PAGE TOP