Vestlandsforsking og Norce inviterar til avslutningskonferanse for forskingsprosjektet Just Transform: Rammeverk for ein berekraftig, rettferdig og inkluderande grøn og digital transformasjon
Velkommen til digital konferanse
3. desember 2026 kl. 9.15-14.15
om grøn og digital omstilling i arbeidslivet
Lurar du på korleis grøn og digital omstilling påverkar arbeidslivet? Kven som er vinnarar og taparar i omstillinga? Og kva som er nøkkel til ein meir inkluderande og rettferdig omstilling?
Vestlandsforsking og Norce inviterer til ein avslutningskonferanse for forskings-prosjektet Just Transform: Rammeverk for ein berekraftig, rettferdig og inkluderande grøn og digital transformasjon.
Konferansen koplar forsking og praksis. I første del presenterer vi forsking frå prosjektet saman med innsikt frå inviterte internasjonale forskarar. I andre del møter vi praksisfeltet og får høyre om erfaringar og planar frå verksemder og organisasjonar i Vestland.
Del 1: Forskingsperspektiv på ei inkluderande grøn og digital omstilling:
kl. 9.15-11.30, på engelsk (mogleg med direkte omsetjing i Teams)
Del 2: Framtidas Vestland: Saman om ei inkluderande grøn og digital omstilling:
kl. 12.00-14.15, på norsk
Du kan delta på heile eller berre ein del av konferansen – sjå detaljert programmet nedafor.
Grøn og digital omstilling skapar nye moglegheiter for verdiskaping, innovasjon og berekraftig utvikling, men rask omstilling skapar òg nye utfordringar, nye kompetansekrav og krav til omstillingsevne og fleksibilitet. Korleis har desse moglegheitene og utfordringane påverka næringsliv og -utvikling, og kva veit vi om nøkkelen til suksess for ei rettferdig og inkluderande grøn og digital omstilling i arbeidslivet?
Vi inviterer alle som jobbar med eller forskar på desse utfordringane til konferanse!
Meld deg på her: Påmelding til Framtidas Vestland (følg lenkja og fyll ut skjema)
I snart tre år har forskarar i prosjektet Just Transform undersøkt kva som fremjar eller utfordrar inkludering i grøn og digital omstilling, med særleg fokus på verksemder i Vestland. Under konferansen legg vi fram resultat og deler råd om korleis vi kan arbeide for ei inkluderande grøn og digital omstilling i arbeidslivet. Vi har invitert forskarar på feltet og ei rekkje aktørar frå verksemder, kommunar, arbeidslivsorganisasjonar og politiske aktørar som vil dele erfaringar frå sitt arbeid med desse utfordringane.
Vi inviterer deg til diskusjon! Konferansen har som mål å vere ein arena for kunnskapsdeling og dialog på tvers av forsking, praksis og politikk om korleis vi saman kan bygge ei inkluderande grøn og digital omstilling.
Program
9.15 – 11.30: Forskingsperspektiv på ei inkluderande grøn og digital omstilling (på engelsk)
- Just Transform som eit rammeverk for forsking på ein berekraftig, rettferdig og inkluderande grøn og digital transformasjon, prosjektleiar Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
- «Twin transition», kva konsekvensar har denne koplinga? Seniorforskar Cheshta Arora, Vestlandsforsking
- Dei usynlege endringane i arbeidslivet, seniorforskar Gilda Seddighi, Norce
- The twin transition’s impact on the labour market in Vestland: Insights from SkillResilience4EU, førsteamanuensis Maria Tsouri, HVL
- Competence development and just green transition: Results from Finnish workplaces, Sara Malve-Ahlroth, Senior Specialist, Finnish Institute of Occupational Health
- Korleis påverkar grøn omstilling det petroleumsrelaterte arbeidslivet? Camilla Houeland, Forsker I ved Fafo
- Can twin transition be inclusive from bottom-up and top down? Insights from the EU-project DeCrises, Farid Karimi, senior lecturer at University of Jyväskylä
Programmet vert oppdatert
12.00 – 14.15: Framtidas Vestland: Saman om ei inkluderande grøn og digital omstilling (på norsk)
- Kva er problemet med å gjere grøn og digital omstilling inkluderande i Vestland?
Kunnskap om utfordringar og gode løysingar frå forskingsprosjektet Just Transform - Hilde G. Corneliussen, prosjektleiar for Just Transform
- Thomas Myksvoll, seniorforskar Norce
- Joaquin Zenteno Hopp, seniorforskar Vestlandsforsking
- Erfaringar frå regionen
Kva er nøkkelen til suksess for ei rettferdig og inkluderande grøn og digital omstilling i arbeidslivet? - Grøn Region Vestland, prosjektleiar Tor Martin Misund
- Simas, leiar for teknologi og utvikling André Laberg
- Sitep Årdal, dagleg leiar Frank Øvstetun
- Fra politikk til samarbeid og inkluderande praksis
Korleis kan politiske mål om grøn omstilling omsetjast i inkluderande praksisar, og kva rolle spelar samarbeid? - Kompetansepolitikk og omstilling, Aleksander Øren Heen, Senterpartiet
- Kompetansebehov i kommunane, Line Bjelde, Sogn næring
- Kompetansebygging for framtidas lokalsamfunn, Petter Sortland, ordførar i Høyanger kommune
Diskusjon:
Korleis kan vi saman skape ei inkluderande omstilling?
Avslutning: 14.15
Vel møtt til konferanse!
Med venleg helsing,
Hilde G. Corneliussen
Prosjektleiar og forskingsleiar ved Vestlandsforsking
Konferansen markerer avslutninga på forskingsprosjektet Just Transform: Rammeverk for ein berekraftig, rettferdig og inkluderande grøn og digital transformasjon ved Vestlandsforsking og Norce, og rettar seg særleg til praksismiljø som jobbar med grøn og digital omstilling i Vestland og til forskarar på området. Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd.
Kontaktinformasjon for prosjektet:
Prosjektleiar: Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
Epost: hgc@vestforsk.no
Telefon: 47900814






