Korleis blir arbeidsmarknaden påverka av den grøne og digitale omstillinga.
Kan det bli ein berekraftig, rettferdig og inkluderande transformasjon?
Just Transform vil utvikle ny kunnskap og tilrådingar for
eit rettferdige og inkluderande arbeidslivet

Grøn og digital omstilling

Norsk økonomi og arbeidsliv står overfor ein endringsprosess for å møte mål om eit grønt skifte. I mange bransjar og industrier er digitalisering ein sentral del av svaret på å oppnå ein større grøn samfunnstransformasjon som må både vere inkluderande og berekraftig. Teknologiens kritiske funksjonar skal effektiviserast og produktiviteten skal oppskalerast, og desse prosessane må underordnast nye reguleringar og føringar grunna den grøne omstillinga som skal skje internasjonalt.

Desse grøne og digitale endringane blir ofte kalla ein «tvilling-transformasjon», og sjølv om desse endringane ofte kan påverke kvarandre og sjåast i samanheng eller i møta mellom digitale og grøn omstilling, kan desse transformasjonane og føre til utfordringar for arbeid med rettferd og inkludering. Vårt mål er å forstå korleis eit slikt kombinert grønt og digitalt skifte påverkar arbeidslivet og vilkåra for berekraft.

Det nye grøne og digitale arbeidslivet med nye krav til kompetanse vil og påverke individ si tilgang til moglegheiter og opplevingar av risiko. Vi vil studere korleis desse prosessane kan bli opplevde ulikt på tvers av forskjellige demografiske grupper som blir påverka av nye mønster i arbeidslivet.

PAGE TOP